Har universiteta plikt til å bidra til våpenutvikling? NTNU bruker beredskap for å reinvaske våpenforsking
- Admin

- for 13 minutter siden
- 3 min lesing

I Adresseavisen står dekan Thomas Tybell ved IE-fakultetet ved NTNU fram og lettar litt på sløret om kva hans fakultet er involvert i av militær forsking. Mykje av teknologien IE- fakultetet utviklar får militær nytte, slik som droneteknologi.
Tybell fortel at det har blitt eit tettare samarbeid mellom akademia og det militæret dei siste åra. Men sjølv om utviklinga allereie har føregått ei stund, viser Tybell til Totaltberedskapsmeldinga som kom i år, når han skal forsvare IE-fakultets verksemd. Tybell fortel til Adresseavisen at han tolkar det som står der som eit mandat til samarbeid mellom akademia og det militære.
Dei siste par åra har eg jobba med ei bok om vitskapens og utdanninga si rolle i
våpenutvikling. Sidan temaet interesserer meg leita eg gjennom Totalberedskapsmeldinga for å finne direkte forventingar til at universiteta skal bidra til militær teknologi eller våpenutvikling. Der utdanning er nemnd i den 144 siders lange meldinga handlar det om betydning for samfunnssikkerheit, risikovurdering, krisehandtering og beredskap. Det står ingen stader at det er forventa at universiteta bidrar til å utvikle våpenteknologi. Kan det vere
at Tybell si tolking handlar om å forsvare eit val som strengt tatt er tatt av NTNU, og som har heilt andre årsaker enn beredskap?
Det er for øvrig mange måtar universiteta kan bidra til totalberedskap på som ikkje handlar om våpenteknologi. For å nemne eit område eg sjølv kjenner, så kan universiteta bidra til forsking og utvikling for å bygge motstand mot desinformasjon og konspirasjonsteoriar, noko som er svært viktig for å oppretthalde fellesskap og tillit i samfunnet.
Der det blir særleg tydeleg at NTNU går mykje lenger enn Totalberedskapsmeldinga forventar, er når Tybell forsvarar NTNUs samarbeid med Kongsberg Gruppen. Dekanen har tidlegare fortalt til UA at hans fakultet samarbeider med alle divisjonar av Kongsberg, inkludert Defence & Aerospace, som for ein stor del driv med våpenutvikling
(https://www.universitetsavisa.no/dekan-fakultet-for-informasjonsteknologi-og-elektroteknikk-forskning/vi-samarbeider-med-kongsberg/438012). Forsvaret kjøper sjølvsagt våpen frå Kongsberg Gruppen, slik dei også kjøper frå andre internasjonale våpenprodusentar som Lockheed Martin, Northrop Grumman osb. Men Kongsberg Gruppen er altså ikkje ei forlenging av Forsvaret. Selskapet sel våpen til ein internasjonalt våpenmarknad, og for ei tid tilbake kom det fram at Kongsberg-våpen også kan ende opp i eit land som Saudi Arabia gjennom ein våpenavtale mellom Noreg og USA (https://www.dagbladet.no/nyheter/forsvarer-avtale-norske-vapen-til-diktaturer-1/76980630). Vi bør kunne forvente at NTNU tar ein grundig vurdering av risikoane for å bidra til brot på menneskerettar gjennom eit slikt samarbeid, framfor å drive med «beredskapsvasking» av våpenforsking. Det er ikkje til å tru at rektor ved NTNU til no har skyvd alt ansvar for våpenutvikling over på enkeltforskarar og enkeltstudentar, og nektar for at NTNU har ansvar
for våpenutvikling som kan bidra til brot på menneskerettar.
Der eg er heilt einig med Tybell er når han seier at NTNU må sørge for at studentar har etisk forståing. I dag kan NTNU-studentar bli involvert i våpenutvikling gjennom utdanninga, og då har NTNU eit ansvar for å gi studentane kompetanse i å kunne vurdere dei etiske sidene ved prosjekta dei deltar i. Det er også prisverdig at Tybell oppfordrar universitetstilsette til å vere
opne om prosjekta dei deltar i, og dei etiske vurderingane dei gjer. Det er vanskeleg for utanforståande å forstå konsekvensane av NTNUs teknologiutvikling. Forskarane sjølve har eit ansvar for å gi samfunn innsikt slik at vi kan vurdere om verksemda bidrar til å gjere verda betre, eller om det tvert derimot fører oss lenger bort frå klima-og miljømål og mot meir ufred.



Kommentarer